Bilde 1 av 8 Av:  Faretegn Opphavsrett:  brit-siv@obskorps Kommentar:  Fleire sigesprekker og snøblokker som er på vei til å skli ut på Søstestøylsfjellet. Nordvendt
Bilde 2 av 8 Av:  Vær Opphavsrett:  brit-siv@obskorps Kommentar:  Lettskya fint vêr, innover Jølstravatnet mot nordaust
Bilde 3 av 8 Av:  Vær Opphavsrett:  brit-siv@obskorps Kommentar:  Noko meir skydekke mot vest i kveld
Bilde 4 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  brit-siv@obskorps Kommentar:  Delvis snødekke frå ca 600 moh. Høgare snøgrense sørvendt.
Bilde 5 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  brit-siv@obskorps Kommentar:  Fast og bærande snødekke. Våt overflate prega av smelting
Bilde 6 av 8 Av:  Snøprofil Opphavsrett:  brit-siv@obskorps Kommentar:  Kompakt snødekke, ingen brudd
Bilde 7 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  brit-siv@obskorps Kommentar:  Fast og bærande snødekke med våt overflate prega av smelting
Bilde 8 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  brit-siv@obskorps Kommentar:  Mykje snø i fjellet i formasjonar som har samla snø gjennom vinteren. Ryggar og toppar der det har vore avblåst gjennom vinteren er det bart.
Faretegn
• Ferske sprekker • Område: I dalen/fjorden. Beskrivelse: Sigesprekker i bratt terreng der snødekket ligg på sva eller glatt underlag. Nokon nye sprekker sidan sist eg var her fredag.
Skredaktivitet
• 3. jun. I løpet av dagen • Ingen skredaktivitet • Såg ikkje noko skred som såg heilt ferske ut
Vær
• Ikke nedbør • 16 °C • 8 m/s fra SØ ↖ • 50% skyer • Lettskya fint vêr. Mest høge, tynne skyer. Meir tilskyande i vest i kveld Aukande vind på toppen
Snødekke
• 250 cm • Ikke snøfokk • 0 cm • Snøgrense på 600 moh • Annet • Våt • Delvis snødekke frå ca 600 moh, mot nord og aust. Raskt aukande til over 1 meter snø på 700 moh. Mykje snø i fjellet i formasjonar som har samla snø gjennom vinteren. Mot sør lite snø under skoggrensa. Begynner å bli store områder med barmark på ryggar og toppar der det har vore avblåst gjennom vinteren. Snødekket er smelteomvandla og bærande, med våt overflate prega av smelting. I solvendt terreng blautare overflate. Øvre del av snødekket drenerer vatnet godt, men fortsatt nokon skarelag/islag djupt i snødekket som held på ein del vatn. Det er fortsatt ein del store skavlar og sigesprekker i bratt terreng der snødekket ligg på sva eller glatt underlag.
Snøprofil
• Problem med skjemaet for snøprofil i app
Skredproblem
• Våte flakskred • Vann ved bakken/smelting fra bakken • Over en meter • Naturlig utløst • 3 - Store • Få bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 800 moh • Glideskred i brattheng der snødekket ligg på sva eller glatt underlag. Typisk der ein kan sjå sigesprekker i snødekket.
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Lett å løse ut • 1 - Små • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 900 moh • Der sola står på og det øverste laget blir svært vått, kan ein løyse ut små våte laussnøskred i brattheng. Kan også løsne noko naturleg, f.eks i underkant av framstikkande stein i svært bratt terreng.
Skredfarevurdering
• Snødekket har satt seg, og er generelt fast og bærande. Men stor smelting og mykje vatn i snødekket, fører til ein del sigesprekker i brattheng, og desse plassane kan det bli store, våte glideskred/flakskred. I bratt solvendt terreng der øvre delen av snødekket blir blautt kan det gi små våte laussnøskred. Ellers fortsatt store skavlar som ein må ta hensyn til. Unngår ein terreng i nærleiken av skavlar og sigesprekker, og utløpssoner for skred frå desse, er faregraden 1 liten. Men sidan glideskred og skavlbrudd kan gi større skred blir faregraden samla sett 2. • Muligheiter for noko nedbør i morgon, men ikkje nok til å auke faregraden. Men nedbør som regn kan påskynde utløysing av glideskred der det har danna seg sigesprekker. Ellers liten endring i forholda dei neste dagane. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig